
Tema er beiteforgifting hos produksjonsdyr, og me har fått tak i fleire dyktige føredragshaldarar som skal oppdatera oss på det som er like aktuelt kvar einaste beitesesong. Programmet inneheld presentasjonar om mellom anna:
- Giftige plantar i beitet
- Mineralforgifting hos beitedyr
- Forgiftingsmekanismar
- Ny forsking
- Kasuistikkar frå felt og obduksjon
Kurset er hovudsakleg utforma med tanke på veterinærar i produksjonsdyrpraksis, men også veterinærar i næring og forvalting vil ha interesse av tematikken.
Kursavgifta på 2700 kr. inkluderer alle måltid, og vil bli fakturert ved påmelding.
Hotellovernatting på Utstein Kloster hotell blir bestilt gjennom oss, men skal betalast direkte til hotellet. Les meir om hotellet her (lenke).
Ved spørsmål, ta kontakt med Elisabeth Skatvedt Jordal
E-post: elisabeth.skatvedt.jordal@vetinst.no
Kurset er no fullteikna! Du er velkomen til å senda inn påmeldingsskjema og vil då bli sett på venteliste og få beskjed dersom nokon melder forfall.
Dei som skriv seg på frå no av får ein e-post om at dei står på venteliste, og me tek kontakt dersom det blir ledig plass.
→ Meld deg på kurset her.
Program - kurs om forgifting hos beitedyr - 2025 | |||
DAG 1 |
|
| |
Tid | Tittel/emne | Føredragshaldar | |
10:00-10:30 | Mingling og bli kjend |
| |
10:30-10:40 | Introduksjon | Elisabeth Skatvedt Jordal, VI | |
10:40-11:40 | Dei viktigaste giftplantene og veterinærmedisinsk relevans | Aksel Bernhoft, VI | |
11:40-12:40 | Lunsj |
| |
12:40-13:10 | Forgiftingar med cyanobakteriar hos dyr | Gunnar Sundstøl Eriksen, VI | |
13:10-13:50 | Vanlege mineralforgiftingar på beite | Tore Sivertsen | |
13:50-14:10 | Vanlege beiteforgiftingar hos storfe og småfe | Siv Meling, VI | |
14:10-14:30 | Pause |
| |
14:30-14:40 | Vanlege forgiftingar hos utegåande gris | Elisabeth Skatvedt Jordal, VI | |
14:40-14:50 | Vanlege beiteforgiftingar hos hest | Jorunn Mork, VI | |
14:50-15:00 | Vanlege beiteforgiftingar hos kamelider | Michaela Falk, VI | |
15:00-15:10 | Forgifting hos hjortevilt | Gunnar Sundstøl Eriksen, VI | |
15:30-16:00 | Liten matbit |
| |
16:00-18:00 | Ekskursjon - sopp i beiteområdet | Ellen Christensen, VI | |
19:00 | Middag på hotellet |
| |
DAG 2 | |||
Tid | Emne | Føredragshaldar | |
08:30-09:15 | Forgifting hos tamrein | Torill Mørk; VI | |
09:15-10:15 | Forgiftingssaker frå obduksjonsborda | Cecilie Ersdal, NMBU, Sara Berger, VI | |
10:15-10:40 | Pause, utsjekk |
| |
10:40-11:00 | Alveld - ny kunnskap og hypoteser | Torgils Fossen, UiB | |
11:00-12:00 | Andre årsakar til forgifting hos husdyr | Aksel Bernhoft, Gunnar Sundstøl Eriksen | |
12:00-12:20 | Mistanke om forgifting hos husdyr - sjekkliste | Michaela Falk, VI Sara Berger, VI | |
12:20 | Avslutning og lunsj |
|